Mellom #2 2017 |Ord og meining og sånt

Etter to årgangar med Mellom skjedde det noko. Nærmast kollektivt, men sjølvsagt kvar for seg, byrja lesarar å sende oss e-postar om tekstar dei ville skrive og om tekstar dei ville omsette. Nokon hadde fiks ferdige tekstar liggande, klare til å trykkast i eit tidsskrift for omsett litteratur, mens andre lufta sine herleg svevande idear.

Frå vi gav ut vårt første nummer i 2015, har vi vore opptekne av å ha ein meir eller mindre synleg raud tråd gjennom dei fleste bidraga i nummera. Det har vore fint, for då har vi lykkast i å gå djupare inn i eit perspektiv eller eit felt. Til ein viss grad har vi også klart å oppnå balanse i bidraga når det gjeld kjønn, målform, sjanger og språkområde som er representerte – sjølv om det er noko vi støtt jobbar vidare med. Når ein jobbar på den måten, kviler det ofte ei tung redaksjonell hand over utvalet. Vi lét oss derfor rive med og proklamerte at dette nummeret skulle vere temamessig heilt opent, og vi baserte oss i høg grad på innsende bidrag.

Av dette har vi lært ein god del, både om korleis lesarane tenker at Mellom-tekstar er, og om kva som engasjerer lesarar og omsettarar, både proffe og amatørar. Det viser seg at ein Mellom-tekst ofte går i detalj. Han kombinerer gjerne omsetting og refleksjonar kring omsetting, og han meiner noko om omsetting, og ikkje sjeldan om korleis vi som lesarar relaterer oss til omsette tekstar. Det er ikkje alle som tenkjer over at boka dei les, er ei omsetjing, som omsettar Torstein Bugge Høverstad peiker på i sin tekst. Han skriv: «Men bøker blir jo oversatt. Ikke bare med andre ord, men til et annet språk, og kanskje ikke bare et annet språk, men en annen tid—med andre forventninger, assosiasjoner, klanger, sammensetninger, en annen historie, en annen tro, en annen måte å tenke på. Og så skulle oversettelsen liksom være samme bok?» Ifølge Gunnar Wærness handlar omsetting om «mer enn å bare gjøre tilgjengelig: Det er kontekstualisering, nylesning, aktualisering, gjenoppførelse av verker, det er en måte å modifisere en tradisjon på». Og likevel: «I teorien kan man bli ferdig utdannet i nordisk uten å måtte forholde seg til en eneste oversatt, skjønnlitterær tekst», slår Giuliano D’Amico fast. Å vite at ein tekst er omsett, er ikkje minst viktig når originalane er prega av dialektbruk, eirspråklegheit eller er skrivne på eit konstruert språk, noko ein også kan lese om i dette nummeret.

Mellom 2

Og så viser det seg at Mellom-lesarar er opptekne av omsetting av klassikarar!

I dette nummeret finst nemleg tekstar av og om Olav Duun, Henrik Ibsen, Graham Greene, Katherine Mansfield, André du Bouchet, Elisabeth Bishop, Lalan Fakir, James Joyce, Ahmet Hamdi Tanpınar og Gertrude Stein. Vi syner også fram ein tekst av Olga Tokarczuk, ikkje tidlegare omsett til norsk.

Dette er spennande lesestoff. Samstundes må det seiast at det har nokre symptomatiske følger som reflekterer ei einsretting i den litterære kanon. For det første er det overvekt av tekstar frå engelskspråklege område, og for det andre er det overvekt av mannlege forfattarar – eit problem vi kasta lys over i førre nummer av Mellom. For mangfaldet sin del vil vi derfor i framtida halde fram med konkrete målsettingar med fleire redaksjonelle fingrar med i spelet.

Men debatten om kva ein eigentleg omset – er det ord eller er det meining? – lever i høgaste grad vidare i dette nummeret av Mellom. Bokmeldar Kaisa Aglen peikar på at å vere «samvitsfull overfor meiningsinnhaldet» i teksten, paradoksalt nok kan gjere «meininga vanskelegare å gripe». Redaktør Erlend Wichne slår eit slag for den heilt nære omsettinga av nøkkelord. Omsetjar Åshild Lahn forsvarer dei små orda si tidvis store rolle.

Førsteamanuensis i nordisk, Marcus Axelsson, spør kva språkområde det blir omsett mest frå og til. Kvar ligg Noreg på ein slik sentrum-periferi-akse? Problemstillinga set i gang tankar om korleis ein kan omsette mellom små og perifere språk når språkkompetansen er låg, og om det er slik at ein bør prøve å finne ein veg utanom engelsk som mellomstasjon. Dette er spørsmål vi utforskar vidare på lanseringa av dette nummeret.

Til slutt vil vi nytte høvet til å introdusere tre nye redaksjonsmedlemmar: Frå dette nummeret av er Julia Wiedlocha, Ingeborg Urke Myklebust og Erlend Wichne faste redaktørar i Mellom. Vi takkar for alle innsende bidrag, og for god manusvask ved Anne Walseng.

Velkommen inn i Mellom!

Helsing redaksjonen
Ingeborg Urke Myklebust, Julia Wiedlocha, Erlend Wichne, Ida Hove Solberg & Runa Kvalsund

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s