Mellom #1 2017 | Utvid rammene!

Kor stor del av den nyare omsette litteraturen utgjer omsett litteratur skriven av kvinner? Kva kvinnelege forfattarar består den omsette litteraturen i Norge elles av? Og kven står førebels utanfor? Det var med desse spørsmåla at ideen til dette nummeret vaks fram.

Hyllene i bokhandlane er ofte fylte av romanar pryda med løkkeskrift, blafrande gardiner og kvinneryggar. Særleg gjeld dette omslaga til den omsette litteraturen skriven av kvinner. Blant desse finst også kvalitetslitteratur av gjævaste slag, men han er ikkje alltid så lett å finne i mylderet av meir oppskriftsmessig kommersiell litteratur, laga av og for kvinner med eit mål om å selje i store opplag.

Mellom #1 2017

Vi ville trykke tekstar av kvinnelege forfattarar som av ymse grunnar ikkje er blitt omsette, men som bryt normer gjennom litteraturen sin – litterært, sosialt eller politisk. Sjølvsagt er det mange normbrytande kvinnelege forfattarar som er både omsette og mykje lesne også i Noreg, særleg frå angloamerikanske språkområde, men vi ville likevel tenke vidare om kva ein framtidig kanon for omsett litteratur kan romme. Illustratøren (og gjesteredaktøren vår) for dette nummeret, Julianne Yang, utforma ein serie portrett av forfattarane som er omsette i Mellom #1 2017, i eit vidareført forsøk på å utvide rammene for kven som blir lesne, omsette, omtalte, portretterte.

For oss er dette eit feministisk utgangspunkt. Omsetting har ei lang felles historie med feminisme, sjølv om omgrepet feministisk omsetting ikkje vart gjengs før på 1980-talet; feministisk (og protofeministisk) litteratur har sirkulert i omsetting i hundreår. I løpet av dei siste åra har feministisk omsettingsstudium også blitt ei grein av omsettingsstudium (sjå til dømes den nyleg utkomne antologien Feminist Translation Studies: Local and Transnational Perspectives). Slik som feministisk omsettingspraksis er forskinga opptatt av kva ein omset, og korleis ein gjer det. Sist, men ikkje minst har forskinga også dreidd seg om kven som omset: Det handlar om å bringe fram i lyset arbeidet til kvinnelege omsettarar som historisk sett har blitt marginaliserte (trass i at kvinnelege omsettarar i mange land og tider har vore i fleirtal i yrkesgruppa). Sånn sett tar feministiske omsettingsstudium del i ein større postkolonialistisk debatt om korleis litteraturforståinga har vore og er prega av eurosentrisk tankegods.

Å velje ut tekstar til omsetting er ein intrikat prosess der mange krefter drar i forskjellige retningar. Ofte er det ikkje omsettaren som tar valet. Mange andre aktørar innanfor litterære og akademiske institusjonar har også stor påverknadskraft. I forlag og tidsskrift sit redaksjonar og gjer utval prega av politiske strøymingar, ideologiske tendensar i tida, tilfeldige omstende og personlege forbindelsar. I nyare tid har også internasjonale, kommersielle agentur, som arbeider for at nettopp deira forfattarar skal bli omsette, hatt meir å seie for utvalsprosessen.

Forfattarane som er omsette i dette nummeret, er inga homogen gruppe; dei nærmar seg litteratur og skriving, og ikkje minst verda, på ulike sett. Vi har ikkje leita etter ein tematisk eller formal raud tråd når vi har jobba med utvalet, men sørgd for at eit kritisk, feministisk og nyskapande blikk er gjennomgåande.

«Er det ei innsikt eg vil trekke fram som sentral i Erdoğans forfattarskap,» seier den norske omsetjaren av tyrkiske Aslı Erdoğan, Gunvald Ims, «er det at det krev eit eige blikk å oppfatte den lidinga som skjer i det stille. Det kan vera i Tyrkia eller det kan vera i bustaden over gata der du bor.» Aslı Erdoğan er nok eit kjend namn for mange også i Noreg, fordi ho har vore godt synleg i media det siste året etter at ho og fleire andre redaktørar for avisa Özgür Gündem vart arresterte for å ha avdekt sanningar som dei tyrkiske styresmaktene ville halde skjulte. Ein del av Erdoğans litteratur er allereie omsett til norsk, av Gunvald Ims, men då først og fremst romanane – seinast Den mirakuløse mandarin i 2010 og Steinbygningen i 2013. Erdoğan har derimot også gitt ut fleire essaysamlingar. I «Avskjedsbrev», eit av to essay som er omsett til norsk i denne utgåva av Mellom, stillar ho spørsmålet «Hvorfor skriver vi?» og svarar: «Fordi vi er fortapte, kanskje, fordi vi er vant med å stole på ord, fordi vi ikke klarer å betrakte oss sjøl eller fortida direkte, fordi vi vil gråte over den vi en gang hadde inni oss, og minnes mennesket som for lengst har dratt.»

«Hvis ikke jeg var kunstner, hadde jeg vært terrorist», seier Werewere Liking i Erlend Wichne si omsetting. Liking er eitt av dei store namna i kamerunsk kunst og litteratur, og sitatet er svaret ho gav på eit spørsmål om kva ho ville ha drive med om ho ikkje hadde hatt kunsten. I dette nummeret av Mellom trykker vi Wichne si omsetting av eit utdrag frå Liking si mest kjente roman, Elle sera de jaspe et de corail (journal d’une misovire) (1983), «Av jaspis og korall (ei misovirs dagbok)». Wichne peikar på at «mye av både det kunstneriske og sosiale engasjementet til Liking dreier seg om kvinner og kvinners rolle både i kunsten og i samfunnet.» Dette er første gong Liking står på trykk på norsk.

I Mellom #1 2017 kan du også lese eit utdrag frå Niviaq Korneliussens roman HOMO Sapienne (2014) i Ida Hove Solberg si omsetting. Romanen er skriven på grønlandsk og gjenskriven på dansk av forfattaren sjølv, og vart nominert til blant anna Nordisk Råds Litteraturpris i 2015. Vi trykker også eit utdrag frå den nyleg utkomne Tell me how it ends – an essay in 40 questions (2017) av den mexicanske forfattaren Valeria Luiselli, omsett av Carline Tromp. Boka er basert på intervju forfattaren har gjort med latinamerikanarar i New York, også barn, som søkjer om opphald i USA og som risikerer å bli deporterte. Amerikanske medium har kalla boka Trump-æraens første must read-bok, ei brennaktuell og kritisk bok om amerikansk innvandringspolitikk.

Av lyriske bidrag er eit utval tidlegare uomsette dikt (til norsk) av den tysk-jødiske diktaren Rose Ausländer (1901–1988), omsett av Johannes Østbø, og eit utval av dikta til den afro-amerikanske poeten Lucille Clifton (1936–2010), for første gong på norsk, i Kristina Leganger Iversen si omsetting. Vi har også med diktet «Presságio», «Vardøger», og eit utdrag frå romanen A obscena senhora D. (1982), «Den uanstendige fru D.», av den brasilianske poeten, forfattaren, og dramatikaren Hilda Hilst, omsett av Albertina Cartaxo og Knut Jahnsen. Blant dei andre omsettingane er eit utdrag frå den syriske forfattaren og omsettaren Dima Wannous’ siste roman al-Kha’ifuna (2016), «De livredde», omsett av Oda Myran Wisnes; opningskapittelet i romanen Nombres y animales (2013), «Namn og dyr», av den colombianske forfattaren og artisten Rita Indiana, omsett av Tove Bakke; eit utdrag frå den samiske forfattaren og dramatikaren Marry Áilonieida Sombys roman Bajándávgi (2004), «Tordenbuen», omsett av Sigbjørn Skåden; og ei omsetting av forordet til russiske Lidija Tsjukovskajas biografiske verk om poeten Anna Akhmatova (1976), omsett av Marianne Lilleeng Walløe. Vi rundar av nummeret med omtalar av nyare omsett litteratur av kvinnelege forfattarar og diktarar. Nokre av bøkene har allereie fått ein del merksemd, mens ein del førebels har vore lite omtalte i media.

Tusen takk til alle som har skrive og omsett og kome med idéar til dette nummeret, og ikkje minst tusen takk til Signe Prøis, Anne Elligers, Cora Skylstad, Astrid Bjønnes og Mariam Kirollos for grundige manusvaskar.

Velkommen inn i Mellom!

Helsing redaksjonen

Runa Kvalsund, Ida Hove Solberg & Julianne Yang

Advertisements