Mellom #2/2016 | Poesi og gjendiktning

I et fornøyelig intervju med seg selv i Dag og Tid for noen år siden, stilte sakprosaforfatter Morten Strøksnes seg følgende spørsmål: Er poesi sakprosa eller skjønnlitteratur?

– Poesi er kanskje ingen av delene, svarer Strøksnes, som setter pris på det intelligente spørsmålet. – For poesien står på egne føtter når det gjelder sjanger, kanskje fordi poesien er en metasjanger som undersøker grensene og skrankene til språket. Men jeg vil likevel hevde at poesien ligger nærmere sakprosaen enn fiksjonslitteraturen. Det er dessuten påfallende at når poetene ikke skriver poesi, så skriver de gjerne god sakprosa, slik Håvard Rem påpekte, med statistisk belegg, i tidsskriftet Prosa for noen år siden.

Neste utgave av Tidsskriftet Mellom slippes den 5. oktober. Og du er invitert på slippfest! Temaet i den aktuelle utgaven av Mellom er nettopp poesi – og gjendiktning. Her på Oversatt sakprosa er vi igjen så heldige å få legge ut noen smakebiter. Vi begynner med lederen:

Sløret som held lesaren på avstand

På mange språk skil ein mellom poesi og prosa, men på norsk finst også eit etablert skilje på omsetjarsida, mellom omsetjing og gjendikting. Kva ligg i dette? Kva kan det grove sjangerskiljet bringe med seg av vesensforskjellar? Er ein poesiomsetjar i større grad ein meddiktar enn prosaomsetjaren er medforfattar? Ser ein på kven som ofte omset poesi, kan det i alle fall vere nærliggande å tenkje slik; det er ofte etablerte poetar som gjendiktar.

Mellom #2 2016

Kanskje blir omsetjaren synlegare her enn elles. Denne synlegheita kan i ein del tilfelle kome av at gjendiktaren har eit nært forhold til den aktuelle poeten, og er kan hende initiativtakar, involvert både i utveljinga av dikt og i kontekstualisering i form av for- eller etterord. I dette nummeret finn vi blant anna Jan Erik Volds formidling av amerikansk poesi i Noreg og Odveig Klyves gjendiktingar av den iranske poeten Forugh Farrokhzad som døme på dette. Gjendiktaren er altså ofte ein viktig litteraturformidlar, kanskje i enda større grad enn det omsetjaren kan vere for prosaen. Samstundes inneber det at ein som lesar i større grad er prisgitt gjendiktaren i møtet med den gjendikta poesien, enn tilfellet vil vere i prosaen.

I fleire tilfelle spelar dikta som blir gjendikta, og dikta som gjendiktaren sjølv skriv, på kvarandre. Endre Ruset skriv i dette nummeret om arbeidet med å gjendikte Inger Christensens Det til norsk, og korleis det påverka hans eiga skriving i debuten ribbeinas vingespenn (2001). Skal ein tru Gunnar Wærness, pregar inspirasjonssirkelen mellom gjendiktar og poet store delar av poesihistoria: «Når poeter ikke direkte og i bokform oversetter andre poeter, holder de uavbrutt på å sitere, intertekstualisere, låne, stjele og forvandle annen poesi som har gjort inntrykk på dem. […] Gjennom å granske hvordan innflytelsesrike forfattere har inspirert, latt seg inspirere, og hvordan dette har nedfelt seg i deres oversetterpraksis, kan den interesserte leser få et tydelig bilde av hvordan formgrep fra andre tradisjoner assimileres og omformes i norsk litteraturspråk.»

Første bolken i dette nummeret av Mellom er via gjendikting mellom skandinaviske språk, noko som inntil 2015 ikkje var innlemma i innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. Kan hende såg ein ikkje behovet, men som Anna Kleiva skriv i sin tekst om å gjendikte Asta Olivia Nordenhof, er det «langt ifrå alle som synest det er barnemat å lese bøker på dansk eller svensk. I tillegg blir danske og svenske utgjevingar sjeldan tekne inn i bokhandlane, eller omtalte i norske aviser, før dei eventuelt blir omsette. […] Omsetjing opnar dørene mellom dei skandinaviske landa, gjer skandinaviske bøker meir tilgjengelege for lesarane.»

God lyrikk blir ofte kjenneteikna ved at dikta grip lesaren, jamvel om ein ikkje straks skjønar kvifor; det er noko direkte og djuptliggande i språket, eller i rytmen, eller i bilda som treffer ein. Men då er det også viktig at ein kan lese dikta på det språket ein kjenner best. François-Eric Grodin, som er i ferd med å gjendikte Kjersti Annesdatter Skomsvolds poesi til dansk, skriv i sin tekst om korleis framandspråket kan vere eit filter som ligg mellom diktet og lesaren: «Kan en dansk læser ikke lige så godt læse den på originalsproget? Nej. For selv om de fleste af os ville kunne læse den og forstå langt størstedelen, så vil der altid være et filter, et slør som holder læseren på afstand […]».

Elles byr vi i dette nummeret av Mellom på Tuva Engdal si gjendikting av Bjørn Rasmussen, som i vår vart nominert til Nordisk råds litteraturpris; ei forteljing av fribyforfattar Dessale Berekhet, omsett av Johanne Fronth-Nygren, og ein samtale mellom dei; essay av mellom andre Khashayar Naderehvandi og Elin Kittelsen; Julia Wiedlocha si gjendikting av Halina Poświatowska; Kjartan Fløgstad si omsetijng av Fogwill, og mykje meir. Tusen takk til Eivind Myklebust som har vore ein god støttespelar for oss i arbeidet med dette nummeret.

Velkommen inn i Mellom!

Helsing redaksjonen

Runa Kvalsund & Ida Hove Solberg

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: