Ragnhild Engetrøen: Språk og glede i Umeå

Blant nyutsprungne bjørker i Nord-Sverige arrangerte Sveriges Facköversättarförening (SFÖ) ein tredagars språkkonferanse. Konferansen gjekk føre seg frå 19. til 22. mai og var den 26. i rekka. Alt under opninga blei lista lagt høgt, og med trolsk lys, teknotrommer og joik kjende vi at forventningane steig.

Temaet for konferansen var Våga sprida glädje, og arrangørane sjølve serverte gleder på løpande band. Det innslaget som skapte mest høglydt glede blant tilhøyrarane, var det standup-komikaren frå New Zealand som stod for. Latteren runga i lokalet då han fortalde om favorittordet sitt på svensk: Sei rullator med mørk stemme og kraftig rulle-r, så ser du straks for deg ein figur frå Game of Thrones! Vi smilte òg samstemmande til omsettaren som berre hadde eitt lysbilde med seg, med teksten I like what I do.

2016-05_Umeå_06
Klesklypa står utanfor Bildmuseet.

Dei samiske innslaga var både interessante og tankevekkande. I Sameradion må dei til dømes lage nye samiske ord etter kvart som nyheiter og ny teknologi gjer det nødvendig. Vi fekk elles eit lite innblikk i arbeidet med prosjektet Queering Sápmi, om korleis det er å vere annleis i eit samfunn som på mange måtar allereie blir rekna som «annleis». Vi høyrde òg om kolonisering og om korleis samane ofte blir omtala i fortid: Her låg busettingane. I dette området hadde samane reinbeitene sine. «Kvifor ikkje notid? Vi er her framleis», sa musikaren Sofia Jannok, som gav næring til tankane med vakker musikk som ho kalla power-joik.

Også andre innlegg inspirerte. Dei to som tok for seg anbod, snakka naturleg nok om svenske tilhøve, men det viktigaste poenget hos dei gjeld like mykje for oss i Noreg: Vi som er små, skal ikkje konkurrere på pris, men på kvalitet. Fagbøker var eit anna aktuelt tema, og vi fekk tips til korleis ein kan presentere prosjektet sitt dersom ein vil skrive eller omsette fagbøker.

Dei fleste av dei 178 deltakarane på SFÖ-konferansen var nok omsettarar, men det var òg til stades språkkonsulentar, prosjektleiarar og andre som arbeider med eller berre er interesserte i språk. Konferansen var profesjonelt gjennomført, og som omsettar med heimekontor sette eg stor pris på både mangfaldet i føredraga og kaffipausane innimellom då eg fekk treffe andre språkfolk og samtidig friske opp svensken. No gler eg meg til neste omsettingsoppdrag frå svensk.

Ragnhild EngetrøenRagnhild Engetrøen er utdanna fagomsettar i engelsk, men arbeider òg frå svensk. I tillegg til ei mengd hefte og bøker om diverse dataprogram har ho omsett bøker om mellom anna interiør og innreiing, populærvitskap, leiing og marknadsføring.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s