Bjørnar Magnussen: Omsetjarar utan nettverk

Eg skal no gje andlet til ei gruppe som diverre ikkje var representert fysisk på panelsamtala til Omsetjarutvalet, men som mykje av samtala krinsa kring, nemleg dei som risikerer å hamna i klørne på «bemanningsbyrå» og liknande aktørar.

Sidan eg gjorde meg sjølv til talerøyr for «Omsetjarar utan nettverk» i ordskiftet etter Runa Kvalsund sin kronikk om manustenestebyråa, spurde bloggredaktøren om eg ikkje kunne skriva eit innlegg med nettopp denne tittelen.

For nokre veker sidan heldt eg semesteravslutning saman med sisteårsstudentane på fagomsetjarstudiet på Universitetet i Agder. Mellom anna snakka me om kva for planar dei hadde etter studia. Det synte seg at dei færraste såg for seg ein karriere innanfor omsetjaryrket. Det kan eg godt skjøna, og eg har òg vore varsam med å skapa falske forventningar. I motsetnad til kandidatar i enkelte andre fag kan nemleg ikkje nyutdanna fagomsetjarar sjå fram til interessante eller sikre jobbar, uansett kor gode karakterar dei får. Dei bør prisa seg lukkelege viss dei klarar å leva av yrket i det heile.

Draumen for dei fleste sakprosaomsetjarar er å jobba med fagbøker. Desse oppdraga er stort sett både relativt langvarige, intellektuelt stimulerande og til å leva av, iallfall viss kunden er eit DnF-forlag som betaler normalhonorar.

Diverre for dei nyutdanna er porten inn til fagredaksjonane trong og smal.

Kremjobbane i omsetjarbransjen er regulerte av ein normalkontrakt som er forhandla fram mellom NFF, NO og DnF, og som i dag gjev so gode vilkår at han fungerer som eit prisgolv. Alle NFF- og NO-medlemar som skal jobba for DnF-forlag, tek same teiknpris – 194 kroner per 1000 teikn – som jamt over er høgare enn prisen i resten av bransjen, med nokre få unntak (enkelte privatkundar, politiet og UDI).[i] Prisgolv får ei rekkje fylgjer for marknaden, både heldige og uheldige. Dei heldige er truleg allereie kjende for dei fleste som les denne bloggen, difor nemner eg dei berre kort: I Noreg er det, i motsetnad til i svært mange andre land, teoretisk mogleg å leva av å vera fagbokomsetjar utan konstant å måtta halda 100 i 60-sona (sjølv om du likevel tener dårleg samanlikna med andre yrker som krev like lang utdanning). Dimed får me ein økonomisk sikra omsetjarstand, og yrket vert profesjonalisert. Omsette bøker som kjem ut i Noreg, har òg stort sett høg språkleg kvalitet, iallfall dei frå DnF-forlaga.

Dei negative sidene ved eit prisgolv er velkjende frå samfunnsøkonomisk teori: Forlaga må betala meir for omsetjingane, og teorien seier difor at dei gjev ut færre bøker enn dei ville ha gjort viss prisdanninga hadde vore fri. Dessutan er det slik at omsetjarar som står utanfor det gode selskapet, ikkje kan bruka det viktigaste argumentet for å konkurrera seg inn – nemleg pris. I resten av dette blogginnlegget, som jo skal heita «Omsetjarar utan nettverk», skal eg setja søkeljoset på dette siste punktet.

Når det ikkje lenger er råd å konkurrera på pris, må du freista konkurrera på andre områder, slik som kvalitet, tilgjengelegheit og samarbeidsvilje. Men her må omsetjaren òg trå varsamt, slik at han ikkje syndar mot «ånda i normalkontrakten», det vil seia at han gjer noko gratis som NO/NFF meiner han bør ta betalt for. Balansegangen er vanskeleg, og feil kan få fylgjer for den vidare karrieren, iallfall viss du misser ein forlagskunde. Å koma inn hos ein ny fagredaksjon er nemleg omtrent som å vinna i tipping og lotto på same dag. Inntrykket mitt er at dei fleste redaktørar ikkje svarar på søknader frå folk utanfor, men berre rekrutterer frå eige nettverk. Det er naturleg nok uråd å få tak i sikre tal her, og mange kvir seg for å stå fram offentleg og seia at draumearbeidsgjevarane ikkje er interesserte i dei. For å freista å prova påstanden ovanfor må eg difor fortelja litt om mi eiga røynsle:

  • Eg har aldri fått svar på søknader eg har sendt til norske fagbokforlag, mot ca. 75 prosent svar på søknader eg har sendt til omsetjingsbyrå. (Her vil eg gjerne presisera at det er tale om søknader til redaksjonar som gjev ut bøker av den typen eg har omsett tidlegare, og saman med søknadene har eg lagt relevante arbeidsprøver.)
  • Alle bokoppdraga mine for norske forlag har eg fått takk vera anbefalingar, og då har ikkje redaktøren eingong spurt etter CV/arbeidsprøver.
  • Eg har òg opplevd at forlaga spør meg om anbefalingar (og tatt sjansen på folk utan bokomsetjarrøynsle) i staden for t.d. å sjå på søknader dei har fått inn tidlegare, eller på kven som har omsett liknande bøker for andre forlag.

Naturleg nok har eg grunna ein del på kva dette kan skuldast. Det er jo ikkje nokon menneskerett å omsetja fagbøker, og kanskje kvalifikasjonane mine rett og slett ikkje er gode nok for forlaga? Men kvifor vert eg brått kvalifisert berre av di nokon anbefaler meg? Eg har etter kvart kome til den slutninga at normalkontrakten må ta mykje av skulda for stoda. Viss normalhonoraret ligg godt over kva honoraret ville vore ved fri prisdanning, veit redaktørane at dei stort sett får tak i ein god nok omsetjar so lenge dei betaler normalhonorar (som dei jo er pålagde å gjera når dei bruker NO- eller NFF-medlemar). Dei tek seg difor ofte ikkje tid til å vurdera mange kandidatar, men driv «ad hoc»-rekruttering via nettverk.

Betyr dette at eg er motstandar av normalkontrakten? Nei, det er eg ikkje – dei positive sidene (sjå ovanfor) er større enn dei negative for den norske omsetjarbransjen som heilskap. Men slik ordninga er no, har forlagsredaktørane for mykje makt. Viss me går ut ifrå at normalhonoraret ligg 25 prosent over honorar ved fri prisdanning (eit nøkternt tal[i]), vil eit oppdrag på 600 000 teikn kunna reknast for eit indirekte tilskot[ii] på om lag 30 000 kroner. Medan vanlege stipend stort sett vert delte ut av ein habil komité som jobbar etter fastsette retningsliner (her er eit døme) vert «normalhonorar-tilskotet» delt ut av ein forlagsredaktør etter ein prosess som knapt kan kallast transparent.

Når marknaden er prisregulert, dukkar det òg gjerne opp føretak som freistar tena pengar på å hjelpa aktørane til å finna smotthol. I panelsamtala var det snakk om Nye Tillen, som kallar seg eit «manustenestebyrå», men vel i røynda hjelper forlag og uetablerte omsetjarar til å omgå normalkontrakten – mot ein del av kaka. NFF har naturleg nok oppmoda medlemane til ikkje å jobba for Nye Tillen, og gledeleg nok har dei òg gjort det noko enklare for dei utanforståande: I tillegg til dei lukka omsetjarseminara på Soria Moria finst det no «Oversatte dager» – ein festival som er open for alle. Dessutan vart ordninga med prosjektstipend endra på årsmøtet 10. april 2016, slik at kravet om 100 sider utgjeven litteratur vert fjerna frå 2017. Dette trur eg er den rette vegen å gå, for viss «omsetjarar utan nettverk» opplever at døra inn til DnF-forlaga står på gløtt i staden for å vera heilt lukka, vil bemanningsbyråa missa mykje av dragnaden si. Og ein vakker dag vil eg kanskje kunna anbefala dei beste fagomsetjarstudentane å satsa på ein karriere innanfor yrket?

 

Bjørnar MagnussenBjørnar Magnussen er lærar i fagomsetjing ved UiA, statsautorisert translatør i engelsk-norsk og polsk-norsk og har dessutan vore omsetjar/medomsetjar av sju sakprosabøker – alle til normalhonorar. Han er òg aktiv medlem i Norfag og passiv medlem i NFF og STF. Blogginnlegget er korrekturlese av Hilde Strømsnes.

 

 

 

[i] For å byggja opp under påstanden om at normalhonoraret er eit prisgolv, må eg koma med ein fotnote som diverre vert ganske lang: Det er ikkje enkelt å koma med ein «fasit» på kva normalhonorar (som vert nytta av DnF-forlaga) svarar til i kjeldeordpris (som vert nytta av byråa og dei fleste andre aktørane i omsetjingsbransjen), men det går an å gjera eit overslag. Etter den vellukka omsetjaraksjonen i 2006 har normalhonoraret vorte justert opp kvart år i takt med lønsauken i forlagsbransjen. Det ligg i dag på 194 kroner per 1000 teikn med mellomrom i målspråket, det vil seia 0,194 kroner per målteikn. Neste auke kjem 1. juli, altso om nokre månader. For å finna kjeldeordprisen må ein gonga 0,194 kroner med eit tal som svarar til norske teikn per ord i kjelda. I dei tekstene eg har rekna på, har dette talet vore i underkant av seks (for skjønnlitteratur frå engelsk til norsk) eller i overkant av seks (for sakprosa frå engelsk til norsk). Omset du frå andre språk som jamt over har lengre ord enn engelsk, til dømes tysk, svensk, dansk og alle slaviske språk, må du bruka eit høgare tal. Forlaga betaler normalhonorar som lønsinntekt, og byråa betaler stort sett berre ut næringsinntekt (mot faktura). Difor må kjeldeordprisen du fekk i punktet over, reknast om til næringsinntekt før du kan samanlikna han med prisen til byrå. Kor mykje er lønsinntekt verd samanlikna med næringsinntekt? I det norske skatte- og trygdesystemet vert lønsinntekt favorisert kraftig, m.a. gjer minstefrådraget at dei 31 800 første kronene i lønsinntekt er skattefrie og dei 180 000 neste har ein marginal skattesats på berre 22–23 % (kontra nesten 40 % for næringsinntekt). Det er difor rimeleg å rekna at t.d. 1,20 kroner i lønsinntekt svarar til ein stad mellom 1,40 og 1,60 kroner i næringsinntekt. Til slutt må du rekna på tilleggsverdien av det å bruka ein normalkontrakt som m.a. sikrar at omsetjaren får ytterlegare honorar for gjenbruk, ljodbøker og e-bøker, og dessutan at forlaget er plikta å gje manuset ein «alminnelig god redaksjonell behandling» (i praksis språkvask og korrektur) og nemna deg når dei prentar og marknadsfører boka. (I utrekninga over har eg ikkje nemnt stipend, sidan oppdrag frå andre kundar enn forlag teoretisk sett òg kan kvalifisera til stipend viss dei fyller visse krav. Men i praksis er det slik at dei aller fleste byråoppdrag ikkje kvalifiserer til stipend, og dermed vert spriken mellom byråhonoraret og normalkontrakt-honoraret endå større.)

[ii] Nokon vil kanskje reagera på ordvalet her. Det er kjent frå grunnleggjande mikroøkonomisk teori at eit prisgolv aukar produsentoverskotet og minskar konsumentoverskotet. Eg tykkjer ikkje det er urimeleg å sjå på det slik at nokre av tilskota som forlagsbransjen får, vert kanaliserte vidare til omsetjarane gjennom normalkontraktsordninga.

Reklame

3 kommentarer om “Bjørnar Magnussen: Omsetjarar utan nettverk

  1. Her ligger det vel nesten en «brief» for et forskninsoppdrag? «Hvordan påvirker den norske Normalkontrakten rekrutteringen til oversetteryrket, målt opp mot pris- og lønnsdannelse i et fritt marked.»

    1. Ja, eg har tenkt den tanken sjølv. Men eg trur det vert vanskeleg å få tak i pålitelege tal.

  2. Takker for fin artikkel! Jeg har gjort samme erfaring: det er nytteløst å kontakte forlag for å få fagbokoppdrag. Men et par av dem har i det minste svart meg! Det ville kanskje hjulpet en del om vi visste hva slags faglitteratur forlagene ønsker å oversette. Selv foreslo jeg for Aschehoug noen bøker av en populærhistoriker som er like lesbar som Beevor, men som skriver om andre ting. Så hva er det forlagene egentlig vil? Og kunne vi overtale dem til å legge interesserte oversettere med kvalifikasjoner inn i en database, slik byråene gjør? Jeg synes NFF her burde forsøke å få til en liten konferanse mellom forlag og oversetterforening. Lars Martin Fosse

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: