Manustenestebyrå som omgår normalkontrakten, må takast på alvor.
Eg vil oppfordre alle medlemmar i dei norske oversettforeiningane, til ikkje å ta oppdrag frå Nye Tillen», lydde det frå Jan Terje Heimli, advokat i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening under den utan tvil mest temperamentsfulle debatten på seminarprogrammet til NFF i Oslo førre helg.
I panelet sat omsetjar Hedda Vormeland, dagleg leiar for manustenestebyrået Nye Tillen, Synne Hedlo, og medlem i allmennbokutvalet i Norsk forleggerforening, Astrid de Vibe. Nye Tillen er eit språk- og tekstbyrå som har skapt uro iblant omsetjarar som i dag får størstedelen av løna si frå norske forlag.
Byrået, som har eksistert i fem år, fungerer som mellomledd mellom forlaga og frilansarane, og konflikten botnar i at Nye Tillen betalar frilansarane langt mindre enn det forlaga gjer når dei formidlar oppdrag direkte. Slik blir byrået ein trussel mot det unike avtaleverket for omsetjarar som er blitt jobba fram her i landet – jamvel om dei førebels ikkje er store, og omsetjing er ein liten del av verksemden, som elles består av oppdrag frå næringslivet. Men kva funksjon har dei eigentleg i norsk forlagsbransje? Og kven skal betale for den?

Astrid de Vibe var snar med å understreke at byrået slett ikkje er nokon trussel vi treng å ta på alvor. Vi kjem nok ikkje til å få slike tilstandar her som dei vi ser elles i Europa, der det mest er umogleg å overleve som frilansar i ein liberalisert bokmarknad. Men det urovekkjande er at eksistensen av eit slikt byrå er med på å utfordre godt etablerte rammevilkår. Normalkontrakten har no i 114 år vore ein reiskap som har sikra omsetjarane respektable honorar og gode lønsvilkår. I dag ligg minstehonoraret på 194 kroner per 1000 teikn. Fordi Nye Tillen tilsynelatande har funne ein måte å omgå normalkontrakten på og, som dei seier sjølve, «ikkje er bundne av noko regelverk», er det ikkje til å stikke under ein stol at dei vil bidra til å presse prisane ned. Fordi dei kan få uetablerte frilansarar som sårt treng oppdrag til å arbeide for lågare honorar, er det også gjennomførbart. Mitt første møte med byrået var også som nyutdanna omsetjar på jakt etter jobb. Eg takka nei til eit oppdrag då eg skjønte at dei ikkje hadde høve til å betale meg etter gjeldande satsar, fordi byrået skulle ha sin del av honoraret – men det er ikkje alle som er privilegerte nok til å kunne seie ifrå seg slike oppdrag. Forlaga er, logisk nok, ikkje villige til å betale utover normalkontraktshonoraret for eit mellomledd som for dei (slik det er i dag) ikkje har ein tydeleg funksjon.
Medlemmar av Norsk forleggerforening og NFF og/eller Norsk oversetterforening er alle bunde av regelverket til å bruke normalkontrakten. Nye Tillen, som tar alt frå 5 til 10 % honoraret, verkar ikkje som dei har tatt dette innover seg. Kvifor skal omsetjaren måtte gi bort ein del av honoraret sitt til eit byråkratiserande mellomledd?
Det Nye Tillen først og fremst kan tilby omsetjaren, er å ta seg av kontraktskrivinga – ei svært dyr teneste for omsetjaren, også fordi ho får betalt som sjølvstendig næringsdrivande, og ikkje som lønstakar, og dermed mistar det sosiale tryggleiksnettet som følgjer med. Problemet her er likevel ikkje manustenestebyråa i seg sjølve. Det er forlaga og Norsk forleggerforening som til sjuande og sist sit med ansvaret. Det er dei som må sørgje for at dei gode vilkåra ikkje kan rokkast ved, og ta tak i dette.
Ei oppfordring til Nye Tillen, om dei framleis vil jobbe inn mot forlagsbransjen, kan vere å heller satse på språkvask og korrektur, som på langt nær har same ordna forhold som omsetjarane. Men då må det vere eit poeng at vilkåra for tekstarbeidarane skal betrast – og det spørst det om dei er interesserte i.

Runa Kvalsund er oversetter og redaksjonssekretær/journalist i Bokmagasinet i Klassekampen. Hun er også en av tre redaktører i oversettertidsskriftet Mellom.
Kronikken sto første gang på trykk i Klassekampen lørdag 16. april 2016.