Knut E. Karlsen: Norsk Ordbok – for folket, av folket

– Bestemora mi tok på kyrkjesnik før ho la av garde til kyrkja på søndagane, sa Linda Eide under lanseringa av Norsk Ordbok. Ho viste med det god veg inn i ordboka.

Av Knut E. Karlsen, seniorrådgjevar i Språkrådet

Det var mykje finfolk samla i Universitetsaulaen då ordboka blei heidra 9. mars. Kronprinsessa, stortingsrepresentantar og ordboksfolk frå inn- og utland var komne for å helse og gratulere med at ein milestolpe i norsk ordbokshistorie var nådd. Kva er det med denne ordboka som får slik merksemd frå alle kantar?

Folkemålet

Gigantprosjekt for å lage 14 bind av Norsk Ordbok - dvs. på nynorsk. Bokmål alene i midten.
Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet

Norsk Ordbok har undertittelen Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Det at folkemålet, altså dialektane eller talemålet, er nemnt før skriftspråket, signaliserer kor viktig denne delen av språkbeskrivinga er i ordboksverket. Det er kyrkjesniken, som konferansier Linda Eide trekte fram, eit godt døme på.

I språksamlingane som Norsk Ordbok byggjer på, kjem det fram at kyrkjesnik er registrert på Voss og i Nordhordland. Ordet har avgrensa geografisk utbreiing og er dermed eit typisk dialektord. Voss er ein av 750 stader i Noreg som er registrert som geografisk kjelde for eit ord i ordboka.

Norsk Ordbok er no ferdigstilt i tolv bind med over 300 000 oppslagsord og er det mest omfattande ordboksprosjektet i norsk historie. Ingen annan stad er det samla så mykje kunnskap om ordskatten i nynorsk og dei norske dialektane. Verket forklarer 15 000 faste uttrykk og vendingar, og meir enn 5000 skriftlege kjelder er nytta som dokumentasjon på tyding og bruk.

Norsk Ordbok gjev ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 til i dag og av det nynorske skriftmålet. Ordboksartiklane inneheld tydingsanalysar med klåre definisjonar og avdekkjer og beskriv strukturar som ikkje er framstilt tidlegare. Dei har kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og målføra og opplysningar om grammatiske eigenskapar og opphavet til dialektformene.

Nasjonalt verk

At språksamfunn har ordboksverk som dekkjer eit nasjonalspråk, er i seg sjølv ikkje unikt. Til dømes har tyskarane Deutsches Wörterbuch, som brørne Grimm sette i gang i 1838, og som blei avslutta først i 1961, etter 123 år. I 1879 starta James Murray for alvor arbeidet med Oxford English Dictionary. Det gjekk 49 år før det siste bindet kom i 1928. I Sverige kom første bindet av Svenska Akademiens ordbok i 1899. I dag, 117 år seinare, er utgjevinga komen til bokstaven t.

Lang produksjonstid på nasjonale ordboksverk er altså ikkje uvanleg i eit europeisk perspektiv, sjølv om det er urettvist å samanlikne ordboksprosjekta fordi både omfang og menneskelege og økonomiske ressursar har variert mykje.

Norsk Ordbok føyer seg inn i same tradisjon når det gjeld å beskrive skriftspråket. Det første bindet kom i 1966, og no i mars 2016 blei altså siste bindet og heile verket lansert. Det gjev ei produksjonstid på 50 år, men i røynda har arbeidet gått føre seg i mykje lengre tid.

Den første søknaden om midlar til ordboksprosjektet blei sendt av Samlaget så tidleg som i 1929, og i åra fram mot utgjevinga av det første heftet av bind 1 i 1950 blei det brukt mykje tid og ressursar på å samle og hente ut døme frå den litteraturen ordboka skulle byggje på. I tillegg blei folk rundt om i landet oppmoda om å sende inn opplysningar om eigen dialekt, og saman med andre kjelder om målføra resulterte det i ei samling på rundt 550 000 målføreord skrivne ut på setlar (kartotekkort) og ordna i arkivskuffer. Saman med dei litterære kjeldene utgjer korta eit setelarkiv på 3,2 millionar ord som i dag er digitalisert og søkbart for alle interesserte. På toppen av dette kjem eit tekstkorpus, ei samling av søkbare digitale tekstar, som inneheld nynorsk sak- og skjønnlitteratur frå 1860-åra og fram til i dag. Her finst tekstar frå dei gamle nynorskklassikarane som Garborg og Vinje til nye namn som Aina Basso og Maria Parr.

Frå 2002 blei Norsk Ordbok produsert på ei heildigital plattform, framleis for å bli publisert i bokform, men omlegginga førte til at ein med enkle grep også kunne lansere ein nettversjon av ordboka med digitale finessar som til dømes tillèt ein å velje kva type informasjon som skal vere synleg, og kart som viser utbreiinga av målføreord. Alfabetstrekket a–h er framleis ikkje tilgjengeleg i nettversjonen, fordi denne delen blei til i førdigital tid, men løysningar blir diskuterte.

Gamalt og nytt

Norsk Ordbok har røter tilbake til Ivar Aasen. Aasen gav ut ei revidert utgåve av ordboka si i 1873, med tittelen Norsk Ordbog. Hans Ross førte arven etter Aasen vidare ved å gje ut Norsk ordbog, tillæg til ‘Norsk ordbog’ av Ivar Aasen i 1895. Det er altså Aasen og Ross som først tek i bruk tittelen Norsk Ordbok, men det er inga tilsniking at tolvbandsverket som no er ferdig, har same tittelen.

Litt flåsete kunne ein seie at dagens utgåve er eit tillegg til Ross’ tillegg, men i alle høve er det slik at all informasjon frå ordbøkene til Aasen og Ross er innarbeidd i Norsk Ordbok, men tilfanget er rimelegvis kraftig utvida. Dialektorda er allereie nemnt, og ord som beskriv primærnæringar og tradisjonskultur, har brei plass i verket, men det er viktig å understreke at Norsk Ordbok dekkjer heile ordforrådet opp til våre dagar. Slår ein opp ord som pingle og wasabi, får ein også svar.

Viktig verktøy

Norsk Ordbok er til for alle språkinteresserte. Det er eit verktøy som alle som arbeider med språk i ei eller anna form, bør kjenne til. Ei svært aktuell brukargruppe er elevar og lærarar i skolen. Ordboka kan gje elevane svar når dei støyter på ord dei vil vite meir om. I tillegg til definisjonar og døme er opplysningane om dialektformer og kvar desse formene blir brukte i landet, heilt ned til kommunenivå, noko som kan stimulere språkinteressa til elevane. Her kan alle finne sitt språk omtalt, og det kan setje eleven i stand til å forstå forholdet mellom talespråk og skriftspråk betre.

Å oppdage at eins eige talemål er skildra i ei ordbok, vil ikkje berre styrkje respekten for eige språk, men også den personlege identiteten til elevane. Det å tileigne seg språkkunnskap gjennom ordbøker bør vere ein sjølvsagt del av arbeidsmåten til elevane.

Lurer du framleis på kva kyrkjesnik er for noko? Sisteleddet er hankjønnssubstantivet snik (eller snek), som er synonymt med lukt og tev. Og det gjev eit hint om kva samansetninga tyder: parfyme kvinnene tok på når dei skulle i kyrkja.

KEKarlsen2_SprakradetKnut E. Karlsen er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s