Mellom: Menneskas rørslemønster skaper nye litteraturar

Omsetjing flyttar tekstar frå ein stad til ein annan, frå ein lesarkrins til ein annan, frå ein kultur til ein annan, og nokre gongar frå ei tid til ei anna.

Leiaren til Mellom #2 2015
Av Runa Kvalsund, Ida Hove Solberg og Marianne Lilleeng Walløe

Når folk flyttar på seg, flyttar også (potensielle) tekstar på seg, og tekstkulturar møtest. Slik skaper menneskas rørslemønster nye litteraturar. I dette nummeret av Mellom har vi vilja tematisere korleis litteratur kan reise med menneske på tvers av språk og kulturar, ved til dømes migrasjon, flukt, eksil, eller rotløyse.

Forfattarar som har forflytta seg frå ein stad til ein annan, har også rørt seg mellom kulturar, mellom språk og mellom historier, både nasjonale og dei om seg sjølve og si rolle i eller utanfor samfunnet. Denne posisjonen imellom har opna for ny litteratur, ei framdrift driven av utanfråperspektivet, anten det er snakk om eksillitteratur av flyktningar under 2. verdskrig eller europeiske migrantar som flyttar på seg på grunn av konfliktar i heimlandet, som busett seg i eit nytt land, og så skriv frå ein ny kultur, og kan hende på eit nytt språk. Mange av dei forfattarane vi kjenner så godt til i dag, skreiv frå eit slikt utgangspunkt, til dømes Stefan Zweig, som flykta frå Hitlers Tyskland, og Herta Müller, som forlét det kommunistiske Romania under Nicolae Ceaușescu, sjølv om begge dei held fram med å skrive på sitt førstespråk. Jamvel om Müller høyrde til ein tysk minoritet i heimlandet, skriv ho i stor grad inn erfaringane frå det felles rumenske inn i bøkene sine.

Mellom #2 Foto: Julianne Yang

Eit meir aktuelt døme er den syriske sakprosaforfattaren Samar Yazbek, som skriv om situasjonen i Syria frå sitt eksiltilvære i Frankrike. I mange tilfelle byrjar forfattarane også å ta i bruk språket i det landet dei kjem til, slik den tyske filosofen Hannah Arendt etter kvart skreiv ein del av tekstane sine på engelsk etter at ho flytta til USA på grunn av jødeforfølgingane i heimlandet. Av nyare dato kan vi nemne poeten Ilya Kaminsky, som drog frå heimbyen Odessa etter Sovjetunionens fall og fekk asyl i USA i 1993, eller den bosnisk-tyske forfattaren Saša Stanišić, som kom til Tyskland som flyktning i 1992, og som i sin siste roman nyttar bosnisk mytologi og tradisjon for å fortelje historia om ein erketysk landsby.

Denne litterære mellomposisjonen oppstår og kjem til uttrykk på mange ulike måtar, og i dette nummeret av Mellom ville vi sjå på nokre av desse. Vi trykker til dømes eit utdrag frå romanen Landet der man aldri dør av den albanske forfattaren Ornela Vorpsi. Fordi ho har budd mange år i Italia, er romanen skriven på italiensk (og no som ho er busett i Frankrike, skriv ho sin neste roman på fransk). Verket er språkleg sett vidfarande: Det vart først gitt ut i fransk omsetjing, mens den norske omsetjinga frå italiensk er ved Jon Kværne, som omset frå bosnisk, kroatisk, serbisk og albansk. Italiensk fekk han lære seg på vegen. Den viktigaste ressursen var nok bakgrunnskunnskapen om det albanske samfunnet. Verket finst paradoksalt nok enno ikkje på albansk.

Forfattaren Monique Proulx, som er kanadiskfødd og -oppvaksen, freistar i ei novelle vi trykker i dette nummeret, å skrive fram ein ung, mannleg migrant si stemme som ein del av samlinga der mylderet av stemmer utgjer eit byportrett av Montreal midt på 90-talet. Kan forfattarar som er del av majoritetskulturen, skrive migrasjonslitteratur?

Nelly Sachs, som Astrid Nordang skriv om og omset dikt av i dette nummeret av Mellom, var tysk jøde og måtte flykte frå Tyskland til Sverige i 1940. Flukta markerer eit tydeleg brot med tidlegare skriving, men hos Sachs får vi ei slags motsett rørsle enn i mykje anna litteratur i ein slik mellomposisjon; det er ikkje eit utanfråperspektiv på det samfunnet ho er komen til som pregar hennar vidare skriving, men eit innanfråperspektiv på den kulturen ho har forlate – gjennom ei rørsle mot ein jødisk identitet, som ho ikkje hadde definert seg ut ifrå før ho drog frå Tyskland. I mange fleire tilfelle inneber ikkje denne mellomposisjonen eit utanfråblikk på samfunnet.

Ingeborg Kongslien, professor emerita ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo, diskuterer i artikkelen «Tematiske mønster og diskursive strategiar hos translingvale (L2) forfattarar i nordisk litteratur» (2011) dei ulike omgrepa som vert brukte for å skildre litteratur som er kjenneteikna av rørsle på tvers av nasjonalstatsgrenser og som inneber bruk av andrespråk i litteraturen. Her nemner ho migrantlitteratur, eksillitteratur, transkulturell litteratur, transnasjonal litteratur og kosmopolitisk litteratur, men kjem fram til at desse nemningane ikkje «seier noko spesifikt om den kanskje mest djuptgripande endringa, særskilt for det litterære skapandet, nemleg språkbytet.» Ho landar derfor på omgrepet translingval litteratur for å skildre tekstar der eit slikt byte har funne stad.

Det er sjølvsagt ikkje sånn at migrantforfattarar alltid tematiserer migrasjon, eller at eksilforfattarar utan unntak byrjar skrive på eit anna språk enn førstespråket sitt, men det som stort sett vil vere felles er eit dobbeltperspektiv, på same tid innanfrå og utanfrå både kulturen og språket dei har reist ifrå, og til, og at begge kulturane og språka kan bli med inn i litteraturen. For dei som byter språk, ligg det eit element av sjølvomsetjing på eit reint lingvistisk plan i dette, mens ein ofte finn at det i botnen også ligg utfordringar – som Kongslien peikar på at kan vere kreativt stimulerande – knytt til det å omsetje ein kultur.

Eksillitteratur blir ofte omtalt som ein eigen sjanger, og allereie på 1930-talet oppstod det ei rekkje såkalla eksilforlag rundt om i Europa. Merkelappen migrasjonslitteratur, eit nokså omstridt omgrep, har i dag fått ein liknande paraplyfunksjon for litteratur av forfattarar med migrantbakgrunn, som ofte blir lesne opp mot kvarandre. Jamvel om dette er forfattarar som har høve til å ta med seg to kulturar, og kanskje to språk, inn i verka sine, og som ofte kan ha eit dobbelt perspektiv på det samfunnet dei skriv i, skriv dei om vidt forskjellige ting, og forventingane dei møter om å tematisere utlendigheit, migrasjons- og integreringsproblematikk i bøkene sine, er ofte urimelege. Eit norsk døme på dette er bosniske Bekim Sejranovic, ein kjend forfattar på Balkan, som i haust kom med sin første roman på norsk, Din sønn, Huckleberry Finn. – Det jeg skriver, blir omtalt som «et blikk utenfra», seier han i eit intervju med Dagsavisen 11. oktober. – Jeg har bodd i Norge halve livet, når kan jeg få lov å si at det er et blikk innenfra det norske samfunnet?

Sejranovic insisterer også på at han ikkje vil vere representant for sitt fødeland, eller for innvandrarar generelt – ei kjensle han deler med mange som skriv med ein annan kulturell bakgrunn enn majoritetskulturen. Men det finst nok døme på forfattarar som gjer det motsette, som nettopp tar ei slik representativ rolle. I artikkelen «‘Cuba’ på norsk» viser Idun Heir Senstad korleis eksilcubanaren Cecilia Samartin har forma nordmenns bilde av Cuba, og trekkjer fram «the danger of a single story».

Temaet for dette nummeret av Mellom har blitt meir aktuelt enn vi kunne ha sett for oss, med flyktningkrisa som med eitt vart akutt. Ved sidan av instinktiv mobilisering (blant frivillige) har negative, framandfiendtlege haldningar ikkje latt vente på seg. Også i presse og politikarspråk får omtalen av flyktningar, ei svært mangefasettert gruppe, lett eit forenkla og einsidig preg. Annika Bøstein Myhr hevdar i sin artikkel at forlaga har eit særleg ansvar for å få omsett litteratur skriven av asylsøkarar, fordi det kan bidra til å differensiere bildet av denne gruppa, og på same tid la oss sjå med eit nytt blikk på vårt eige samfunn. Ikkje minst vil vi trekkje fram at slike situasjonar har potensial til å vere det som Kongslien kallar kreativt stimulerande utfordringar, som på sikt kan bringe med seg nye litteraturar, viss ein lar det vekse og gro. Ho nemner i sin artikkel at den translingvale gresk-svenske forfattaren Theodor Kallifatides meiner litterær fornying «kan koma frå dei som står utanfor systemet». Ein slik tanke er til dømes motivasjonen bak ein antologi som kjem på det tyske forlaget Suhrkamp til våren, beståande av skjønnlitterære og essayistiske tekstar som på ulike måtar skal tematisere framandfrykt, skrivne av unge tyske forfattarar med eller utan migrasjonsbakgrunn. Marginaliserte grupper har potensial til å bringe litteraturen, og samfunnet, vidare – i nye retningar, gjennom nye stemmer. Fribyordninga for forfattarar i eksil er ei ordning som anerkjenner dette. Blant dei mest kjente fribyforfattarane finn vi årets vinnar av Nobels litteraturpris, Svetlana Aleksijevitsj.

Det er kanskje potensialet for fornying som er årsaka til at mange kunstnarar også aktivt søkjer nett utlendigheita. I det framande finn dei ei «mental fristilling», skriv Ingrid Melfald Hafredal i sin kommentar til eit utdrag frå Amalie Smiths Marble. Det frivillige eksilet kan skape eit kunstnarisk rom, kanskje nett fordi det er frigjort frå det nasjonale? Om ein trekkjer dette resonnementet vidare, kjem vi til idéen om sjangerspråk som noko som finst, så å seie, på sida av nasjonalspråka – ein tanke om kunstspråket som noko overnasjonalt. Det russiske omsetjarikonet Boris Dubin (1946–2014) hevder i eit intervju omsett for denne utgåva av Mellom at «det poetiske språket har sin egen oppbygning […]», som ikkje er knytt til det enkelte nasjonalspråket. Og Eivind Myklebust, som skriv om gjendikting av poesi, poengterer at denne idéen kan gjere det «meir mogleg å skulle gi seg i kast med to språk – sitt eige og originaltekstens – fordi ein samstundes ser eit tredje ’språk’ som også kjem til nytte: poesiens språk, som kanskje ikkje er felles, men som sjenerøst flyt utover dei nasjonalspråklege grensene.»

I kontrast til nasjonalspråka med sine opphøgde normer står også regionalvariantane og dei unormerte dialektane. Heilt utilsikta har trøndersk blitt tema for to av tekstane i dette nummeret av Mellom. Mathias R. Samuelsen skriv om å bruke dialekt i gjendikting av Jack Spicer. Samuelsen brukar sjølv trøndersk både i eiga dikting og gjendikting, men stiller her spørsmålet om det alltid – i møte med alle dikt og alle poetar – fungerer å bruke si eiga dialekt. Som eit eksperiment vert dikt og gjendiktingar stelde opp, side om side: først Spicers engelske dikt, så Leif Høghaugs gjendikting til hadelandsk, og så Samuelsens trønderske versjon. Trøndersken dukkar igjen opp i ei novelle av Breece D’J Pancake, omsett og presentert av Leif Bull. Der er dialekten brukt i dialogen mellom karakterane, som ein markør for kulturelle og geografiske – perifere, rurale – omstende.

Elles i dette nummeret er vi så heldige å få presentere verdas første maltesisk-norske omsetjing, ved Kristina Quintano, mens forfattar og gjendiktar Gunnhild Øyehaug skriv om omsetjinga av tittelen på PJ Harvey og Seamus Murphy si diktsamling, der ei omsetjing med tilsynelatande motsett tyding viser seg å vere den riktigaste løysinga.

Den omsette litteraturen har i all tid vore med på å forme vår oppfatning av verda utanfor, men også gitt oss nye blikk på det som er «innanfor». I ei verd der nye migrasjonsmønster gjer at vegane til både menneske og kulturar kryssast oftare, blir dei innsiktene den omsette litteraturen kan gi, viktigare enn nokon gong. Om det så er umogleg å seie alt som kan og bør seiast om dette – mellom anna også fordi det ligg i menneskets natur å flytte på seg – ville vi likevel prøve å seie noko. Dette nummeret av Mellom er derfor meint å vere eit innblikk i nokre aspekt ved litteraturen som kan oppstå når menneske forflyttar seg.

——

Velkomen til lansering av Mellom #2 på Blå!

Redaksjonen i Tidsskriftet Mellom

24. november er det klart for lansering av Mellom #2 2015. I samarbeid med Litteratur på Blå arrangerer Mellom sleppfest med samtale og opplesingar, og sjølvsagt sal av det nye nummeret, som er tidsskriftet si andre utgiving. Vi har invitert Jan Erik Vold, som står bak gjendiktinga og utvalet av ei rekkje dikt skrivne av den finlandssvenske diktaren Henry Parland, og professor i allmenn litteraturvitskap Christian Refsum, som har jobba med med attdiktande diktarar frå eit vitskapeleg perspektiv. Henry Parland vert rekna som ein av dei fire store i den finlandssvenske modernismen. Her er det ingen tvil om at omsetjaren speler ei viktig rolle i formidlinga av denne lyrikken. Etter samtalen vil det bli opplesingar frå nummeret.

Arrangementet er støtta av Norsk tidsskriftforening.

—–

Helsing redaksjonen

Runa Kvalsund, Ida Hove Solberg & Marianne Lilleeng Walløe

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

%d bloggere liker dette: