Å lengta seg lang

Sterk lengt gjev oss lange dagar, sjelelege strekkskadar og det som verre er.

Juli 2012: Kristin FridtunAv Kristin Fridtun, forfattar og språkspaltist. Fridtun skal delta på Sakprosafestivalen 25. oktober, i ein programpost om etymologi og kjærleik.

Er det omsetjing å setja namn på ei kjensle, altså å setja om det me kjenner til noko me kan seia og skriva? Spørsmålet melder seg kvar gong eg tygg på ord som har med kjenslelivet å gjera, særleg når desse orda er så råkande at dei får den aktuelle kjensla til å sitra og breia seg i kroppen. Dermed kjem eg aldri fram til noko endeleg svar, for drøftinga har det med å gli ut i retningslaus takk og lovsong til den eventuelle omsetjaren. Enn å koma på noko slikt! For eit fintmerkande sinn! Slik ein ordteft!

Verbet lengta merkjer seg ut som klar favoritt. Den eller dei som tok til å bruka ordet, hadde tvillaust røynt korleis denne kjensla riv og slit i skrotten. Me kan seia at det dreiar seg om innvendig uttøying, ein aktivitet som kan vera langt meir smertefull enn å tøya og strekkja stive musklar. Til grunn for det heile ligg adjektivet lang, som har fostra ulike verb med e i seg, som lengja (‘gjera lang eller lengre’) og lengjast (‘verta lang eller lengre’, ‘lengta’, jf. bokmål lenges). Så er det lengta, som me fritt kan tyda ut slik: å strekkja seg ut og gjera seg lang – inni kroppen.

Slik sett har lengt mykje sams med tiltrekking og dragnad: Me vert dregne mot noko eller nokon, gripne av ein sterk trong til å strekkja oss mot det som dreg. (Ord som damemagnet gjev god meining her.) Lengting er likevel noko anna: Der tiltrekking har noko ytleg og ljost og leikande over seg, det kan vera to personar på byen som brått vert nyfikne på kvarandre, hefter det noko sårt og meir innvendig ved lengt. Den lengtande vert ikkje berre trekt mot noko(n) av ei kraft utanfrå, det er snarare slik at hen halar og dreg i sitt inste eg, røskar og riv i hjarterøter og det som elles finst av fortøyingar.

Ikkje uventa kan denne verksemda få til dels dramatiske fylgjer for den det gjeld. Andre språk, ord og ordlag gjev oss ein peikepinn om kvar det ber.

Fylgje 1: sjukdom

Om me skal tru ordbøker og gjengs språkbruk, er lengt som ei sjuke å rekna. Eit av synonyma til heimlengt er nettopp heimsjuk (jf. eng. homesick mfl.), så kjem ordlag som «sjuk av lengt» og dilikt. Sjuk er då nytta i tydinga ‘forpint’, og det seier seg sjølv at det er skadeleg for helsa å dragast med slikt over lang tid. Dessutan finst det ingen sikker kur: Anten må du koma deg dit lengten dreg deg, noko som ofte er uråd å få til, eller vona at det går over. I alvorlege tilfelle kan lengtingssjuka vera beint fram døyeleg, særleg om ho kjem av umogleg kjærleik.

Fylgje 2: Tidi fell meg longe

Lengting lengjer tida: «Den som lengtar, har lange stunder», seier eit gamalt ordtak. Engelsk viser greitt at her er stutt veg mellom lengt og lang tid: Samansetjinga long kan tyda både ‘lengta’ og ‘lenge’ og ‘lang’. Praktisk! Det norrøne og islandske verbet langa (‘lengta; ha lyst til’) har òg med tidtøying å gjera: Seiemåten «mik langar til einhvers» har grunntydinga ‘noko synest meg langvarig, tida fell meg lang’. Eit interessant spørsmål er om tida vert lengre di sterkare du lengtar. Om så er, kan du då lengta så sterkt at tida ikkje berre vert lang, men jamvel uendeleg?

No vil ikkje eg ta på meg å finna svaret på det siste spørsmålet, då måtte eg med vitende og vilje gått inn for å forstrekkja både hug og hjarta. Heilt ærleg: Om valet stod mellom å forskreva seg og å forlengta seg, hadde eg tvillaust valt det fyrste.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s